Stadnamn i Øystre Slidre er eit leksikon over dei mest kjende og ein god del mindre kjende namn i denne vakre bygda. Namna er henta frå kart, frå eldre og yngre skriftlege kjelder, men framfor alt frå eige tilfang samla inn mellom 1985 og 1988 og supplert i 2003 og 2004. Namnetolkingane byggjer på eldre, tradisjonell uttale, eit stort tilfang eldre skriftformer, opplysningar frå lokalkjende heimelsfolk og på namnevitskapleg og lokalhistorisk litteratur.